Ministerens 9.punktstiltak
21. februar 2010Fra debatten på Manifestasjon: Marit Warncke, Torill Selsvold Nyborg, Monica
Mæland og Magnhild Meltveit Kleppa.
Samferdelsministeren hadde 9 punkt på lista sine over regionale samferselsprosjekt
under Manifestasjon 2010. Bergensprogrammet med Bybane, Sotrasambandet, KVU for
Hordfast og mogeleg jernbane til Flesland inngjekk i tiltaka. Les hennar 9 punkt nedanfor.
Regionale samferdselsprosjekt
Veg
1) Bergensprogrammet er eitt viktig tiltak for å møta transportutfordringane
i Bergen dei komande åra. De har som mål å redusera biltrafikken, styrka kollektivtrafikken,
rusta opp sentrumsområde og etablera eit samanhengande gang- og sykkelvegnett
til og gjennom byen. Ringveg vest og første trinn av Bybanen mellom Nesttun og
sentrum blir opna for trafikk i år. Det er ynske om å koma i gang med andre etappe
av begge desse snarast råd og det er søkt om å forlengja innkrevjinga av bompengar
i 10 år frå 2015. Vi arbeider no med ein Stortingsproposisjon om vidareføring
av Bergensprogrammet med etappe 2 av Ringveg vest og Bybanen og tek sikte på å
fremja den no i vårsesjonen.
2) Kort om framdrifta på prosjektet E39 Svegatjørn-Rådal: Det er fleire
grunnar til at dette prosjektet ikkje er klart for stortingsbehandling i vår.
Statens vegvesen arbeider framleis med å kvalitetssikra kostnadsoverslaget som
grunnlag for ekstern kvalitetssikring (KS2) og med å finna ei løysing for masseoverskottet
på Bergenssida. Kostnadssprekk på prosjektet gjer at ein fortløpande vurderer
om dei lokale vedtaka er tilstrekkelege for å oppnå fullfinansiering. Samferdselsdepartementet
vil leggja fram bompengeproposisjon for E39 Svegatjørn – Rådal så snart desse
aspekta er avklart.
3) Når det gjeld Sotrasambandet har regjeringa lagt til grunn at det er
to aktuelle brualternativ som skal utgreiast nærare. Kommunane skal fatta det
formelle vedtaket om plassering. Slik eg har forstått kan det skje før ferien.
Her er det viktig med god dialog mellom SVV og Bergen / kommunane i vest.
4) KVU Aksdal-Bergen (Hordfast) går snart i bestilling. Det gjer at viktige
avklaringar vil vera på plass til neste rullering av NTP. Ferjefri E39 er viktig
– også i Rogaland. Mange vil forsera Rogfast!
Bane
5) Bergensbanen er svært viktig både regionalt og nasjonalt. Vi har planlagt
å bruka nær ein milliard kroner på vedlikehald av Bergensbanen dei neste ti åra.
I dag går om lag 40 prosent av containertrafikken mellom Oslo og Bergen på jernbanen.
For å leggja til rette for ytterlegare godstransport vil vi forlengja eller byggja
8-14 nye kryssingsspor dei neste ti åra. Både i statsbudsjettet for 2009 og i
tiltakspakka var det løyvd midlar til ekstraordinært vedlikehald og fornying på
Bergensbanen. Målet var å få redusert saktekøyringane på banen. Eg har sett med
eigne auge kva det har betydd mellom Myrdal og Voss.
6) Til debatten om høgfartstog er fylgjande å seia: Oslo-Bergen er ein av
dei strekningane der dette kan vera aktuelt. Jernbaneverket vil om kort tid få
eit mandat og eit utgreiingsoppdrag. Eksterne aktørar og internasjonal kompetanse
skal trekkast inn. Resultatet av utgreiinga vil vi ta med oss inn i arbeidet med
ny Nasjonal transportplan.
7) Arbeida på dobbeltsporet Bergen stasjon – Fløen er mellombels innstilte
på grunn av mangel på folk med signalkompetanse. Jernbaneverket vurderer no om
det beste er å gjennomføra dette prosjektet saman med dobbeltsporprosjektet Bergen-Arna.
Til saman vil desse to prosjekta gi 8,8 kilometer dobbeltspor. Det vil auka kapasiteten
kraftig både for gods- og persontrafikk. Midlane til Bergen stasjon – Fløen har
no blitt omdisponert til vedlikehald på Bergensbanen.
8) Det føregår konseptvalutgreiing (KVU) for regionpakke Bergen. Utgreiinga
tek for seg transportsystemet i heile Bergensregionen. Spørsmålet om framtidig
kapasitetsbehov og eventuelt behov for relokalisering av dagens godsterminal vil
bli behandla i denne utgreiinga. Bergen kommune ynskjer å bruka areala på Nygardstangen
til meir bymessige føremål. Samstundes meiner JBV at kapasiteten på dagens terminal
på Nygaardstangen held i mange år til. Med omlegging til krandrift vil det vera
mogleg å innfri godsstrategien om tilnærma dobling av kapasiteten fram mot 2020.
9) Mange bergensarar er opptekne av moglegheitene for persontrafikkbane
til Flesland. Dette må sjåast i samanheng med planane om forlenging av Bybanen
til Flesland. Dersom denne blir realisert vil det neppe vera aktuelt med eit jernbanespor
berre for persontrafikk. Samstundes pågår det ei utgreiing av ny hamn i Bergen.
Dersom hamna blir lagt til Flesland og jernbanegodshandteringa blir lagt saman
med denne, vil det vera naturleg å vurdera persontrafikk på jernbanestrekninga.
Det vil då vera ein tilleggseffekt av nytt godsspor. Arbeidet med ny hamnelokalisering
blir gjort i regi av Hordaland fylkeskommune, men er ikkje ferdigstilt. Jernbaneverket
deltek i prosessen, blant anna med tanke på mogleg jernbanetilknyting. Per i dag
føreligg det ikkje konkrete planar om jernbanespor til Flesland.
Tilbake 

HOVEDSIDE
Næringspolitikk














