Utveksling styrker forståinga

100512_haukeland_3_sidemedia
Publisert 21.05.2012, kl 11:04I løpet av april og mai gjennomfører Bergen Næringsråd og Bergen kommune eit unikt utvekslingstilbod

Betre kommunikasjonen
Prosjektet er eit resultat av eit forslag frå Ressursgruppe Byutvikling i Bergen Næringsråd. For å styrke kommunikasjonen og forståinga på tvers av skillet mellom offentleg og privat sektor innan planprosessar vart det foreslått å utveksle arbeidskraft for ein kortare periode. Då både politisk og administrativ leiing i Bergen kommune og var positive til prosjektet var det berre til å gå i gong. Gjennom utvekslinga deltek private planleggjarar i den daglege drifta hos kommunen og opplev korleis det offentlege arbeidar med planprosessar.

Mange omsyn å ta
- Det har teke litt lengre tid å få i gong hospiteringa, men det har vore fleire omsyn å ta. Mellom anna har det vore svært viktig for alle at habiliteten til kommunen ikkje kan trekkast i tvil, seier Martin Larsen Hirth, administrasjonskontakt for ressursgruppe Byutvikling. Totalt deltek åtte private planleggarar og fire kommunale sakshandsamarar. – Det har vore mogleg å gje frå seg ein tilsett og få ein kommunal tilsett tilbake, berre å ha besøk frå kommunen eller berre å gje frå seg ein tilsett. Slik har vi personar både frå små og store eigedomsutviklarar, fortel Hirth. 

Positiv erfaring
Ein av deltakarane er Marie Therese Haukeland, dagleg leiar i Heldal Eiendom. Ho er full av lovord om korleis opphaldet har vore. – Eg har vore innom byggesak, private planar, tilsyn og no sist oppmåling. – Eg trur eit slikt utvekslingsprosjekt kan vere med på å styrke dialogen mellom private og det offentlege. Eg opplev at den har vorte svekka dei siste åra. Noko eg set i samanheng med auka krav og reguleringar knytt til den nye plan -og bygningslova, fortel Haukeland.

Komplisert saksgong
- Eg opplev at vi har ei felles forståing om å gje Bergen ein god byutvikling, men vi har litt ulike vegar til målet. Eit problem som burde vere mogleg å få bukt med er rett og slett det skriftlege språket i brev frå kommunen. Ofte er dei meir komplisert enn dei treng. Eg ser og at saksgangen og klagegangen er for lang. Sakane skal innom så mange ledd at det nesten automatisk tek lang tid. Det er noko politikarane må gripe fatt i, seier Haukeland engasjert.

Privat forbetringspotensiale
Haukeland er og opptatt av å feie for eiga dør. – Eg ser at ofte er det tiltakshavar som sit på planen etter første gongs høyring utan å gjere noko med han. Det spelar og inn på den totale tida for sakshandsaming. Kanskje statistikken burde førast annleis? Eg vil og gje kreditt til kommunen. Dei veit dei har ei utfordring og opplev at dei vil gjera noko med det. Og då er eit slikt prosjekt som dette eit godt steg, meiner Haukeland.

Vegen vidare
-Etter at alle har vore gjennom utvekslinga kjem Bergen Næringsråd og Bergen kommune til å halde eit felles evalueringsmøte der resultatet kjem til å bli eit kort notat. Det er viktig å få ned på papiret kva våre medlemmar har opplevd i kommunen, og ikkje minst om det er noko dei kommunale sakshandsamarane ser hos våre medlemsbedrifter som kan gjerast annleis, avsluttar Hirth.

print
Skriv kommentarKommentarer
Logg inn