Kristin Østervold Odfjell er direktør i investeringsselskapet Farvatn.
Kristin Østervold Odfjell er direktør i investeringsselskapet Farvatn.

I dag snakkar vi med: Kristin Østervold Odfjell

25.09.2020

- Skal me lukkast i Bergensregionen må me bruka allereie eksisterande kompentanse som me har på ein ny måte.

_______________________________________________
Namn:                      Kristin Østervold Odfjell
Tittel:                       Direktør
Bedrift:                    Farvatn / Planet 9 Venture
Kjerneverksemd:     Investeringsselskap
_______________________________________________

Korleis er ståa i investormiljøet i desse dagar?
- Eg har stor forståing for at denne perioden har vore krevjande for mange. Hos oss i Farvatn har me kjent på dette, men perioden har også gitt oss moglegheiter. Me i Farvatn har tre ulike investeringsverktøy som innbefatter tidlegfase-selskap/venture, private equity og børsnoterte selskap. Generelt for Farvatn har dei siste seks månadene opna moglegheiter for både kjøp og sal. For tidlegfase/venture er det travle dagar med oppfølging av porteføljeselskap, samt nye spanande moglegheiter til å gjera investeringar både her heime og i USA.

Kva kjenner de på som den største utfordringa?
- Planet 9 Venture er vår tidlegfase-investeringsarm. Den største utfordringa vår no er å få fulgt opp alle selskapa våre på ein god og kyndig måte. Parallellt med dette arbeidet, er det viktig å handtere “dealflow”. Me ser at dei selskapa som har størst utfordringar, er gjerne dei som ikkje har tilgjengeleg kapital utover 12 mnd., samt selskap som ikkje evner å snu seg rundt og gripe moglegheitene som denne krisa gjev. Nokre av porteføljeselskapa våre er ramma av at kundar ikkje har høve til betale for produkta. Men alt i alt har det gått godt med selskapa som har ein bærekraftig profil.

Kva for statlege tiltak vil vera viktige i tida framover for å stimulera helsegründarar?
- Forutan tilgjengeleg kapital, og då gjerne kompetent kapital, vil det vera viktig at staten gjennom eigarskapet sitt til helseforetaka forpliktar seg til innkjøp og pilotering av gode innovasjonsideár retta mot pasientar. For å få dette til, kan ein moglegheit vera at statlege foretak blir målt på bruk av innovasjonsløysingar.

Kva tenkjer du om framtida? Korleis vil koronakrisa endra/påvirka helsenæringa framover?
- Eg tenkjer at innovasjon er endå viktigare no for verda. Me har alle stått i ei felles krise og har vore vitne til kor viktig nyskaping og nytenkning er i slike kriser. Krisa har skapt rom for utvikling av nye produkt og nye forretningsmodellar. Eg trur at krisa har opna augene opp for digitale helseløysingar som t.d. telemedisin, sensorteknologi, onlinelege og psykolog. Krisa har også fasilitert for helseverktøy som kan brukast heimefrå. Dette krev ei endring av lovverk, godkjenningsprosessar samt vilje hos aktørane i helsenæringa.

Kan koronakrisa også vera eit høve til å styrkje Bergensregionen sin posisjon og konkurransekraft? I så fall, på kva måte?
- Skal me lukkast i Bergensregionen må me bruka allereie eksisterande kompentanse som me har på ein ny måte. Innovasjon og nyskaping krev samarbeid på tvers av etablerte bedrifter, kommunar, entreprenørar, akademia og investorar.