JARN I ELDEN: Vidar Onarheim er travelt opptatt med konferansen «Sjøsikkerhet i havbruk», men AqKva har fleire planar. - Vi planlegg noko nytt og stort, i samarbeid med fleire bergensbedrifter. Vi gler oss veldig til å fortelje meir om dette! Foto: Bergen Næringsråd/fra AqKva 2019.
JARN I ELDEN: Vidar Onarheim er travelt opptatt med konferansen «Sjøsikkerhet i havbruk», men AqKva har fleire planar. - Vi planlegg noko nytt og stort, i samarbeid med fleire bergensbedrifter. Vi gler oss veldig til å fortelje meir om dette! Foto: Bergen Næringsråd/fra AqKva 2019.

I dag snakker vi med Vidar Onarheim

10.11.2020

 

- Vår hovudgeskjeft er å samle folk. Det er ikkje heilt enkelt om dagane, men konferansen på torsdag går av stabelen som planlagt.

Dette fortel Vidar Onarheim, dagleg leiar i AqKva. Selskapet har gjennom 15 år stått bak konferansen med samme namn, og AqKva har vakse til å bli den viktigaste møteplassen for norsk havbruk.
- Vi inviterer på nytt den 21.januar. Programmet er for det meste klart, og vi dimensjonerer for at kring 575 deltakarar blir med oss, som sist. Men det føreset sjølvsagt at gjeldande smittevernreglar tillét dette.

Det vekte oppsikt då AqKva-konferansen vart flytta frå Stord til Bergen i 2018.
- Nokon meinte det var ein dristig strategi, men no sit vi med fasiten. Oppslutninga har auka med 70 prosent, og vi har vorte ein del av det verdsleiande marine miljøet i Bergen.

Gjennom åra har det vorte fleire knoppskytingar kring AqKva-konferansen. «Sjøsikkerhet i havbruk» skal etter planen gå av stabelen torsdag denne veka. Dei strenge restriksjonane i Bergen gjer det vanskeleg.
- Men det er ikkje umogleg. Slik det ser ut no, kan vi samle 20 deltakarar. Då gjer vi det, og så vil mange følgje dette digitalt i tillegg.
- Det er kanskje ikkje noko ein tener store pengar på?
- Nei, det går sjølvsagt med tap. Men vi veit at det betyr mykje for folk i bransjen å samlast. Dette er vårt bidrag til å halde hjula i gong i ei svært krevjande tid. Så får vi heller tene litt pengar når forholda ligg betre til rette for det, svarar Vidar Onarheim.

Han fortel om daglege meldingar frå folk i bransjen som saknar møteplassane.
- Det finst svært gode konferansar for toppleiarar. Vi har retta oss meir inn mot det breie lag og mellomleiarane, som stundom sit litt nærare merdkanten.

Ei anna knoppskyting skulle lanserast for første gong tidlegare i år. HavExpo tek mål av seg til å bli ei nasjonal fiskeri- og havbruksmesse.
- Vi opplevde ei enorm interesse frå utstillarar og andre, men å samle mange tusen menneske dette året har ikkje vore mogleg. Vi var nøydde til å avlyse, men vi satsar alt på at HavExpo blir ein realitet i mars til neste år.

Vidar Onarheim har endå fleire planar, men alt kan ikkje avslørast riktig enno.
- Vi planlegg noko nytt og stort, i samarbeid med fleire bergensbedrifter. Vi gler oss veldig til å fortelje meir om dette, men no skal vi først gjennomføre konferansen vår på torsdag.

- Det verkar ikkje som om pandemien har brote ned entusiasmen i AqKva?
- Humøret er på topp, slik det brukar å vere.

________________________________________________________
Namn:                 Vidar Onarheim
Tittel:                  Dagleg leiar
Bedrift:               AqKva
Omsetnad:          4,2 millionar kr
Kjerneverksemd: Arrangør av messer og konferansar
________________________________________________________