Erlend Haugarvoll (til v.) vert ønskt hjarteleg velkomen som medlem i Bergen Næringsråd av Atle Kvamme, næringspolitisk sjef. I Bakgrunnen Espen Børhaug, Bergen Næringsråd, og Ole Johan Sagen, Lingalaks.
Erlend Haugarvoll (til v.) vert ønskt hjarteleg velkomen som medlem i Bergen Næringsråd av Atle Kvamme, næringspolitisk sjef. I Bakgrunnen Espen Børhaug, Bergen Næringsråd, og Ole Johan Sagen, Lingalaks.

Nytt medlem: Lingalaks

01.10.2018

Lingalaks, med hovudsete i Hardanger, blir som nytt medlem i Bergen Næringsråd eit viktig supplement til den sterke marine kompetansen som alt er representert hjå oss.

– Vi synes òg det er svært positivt å få ei viktig hjørnesteinsverksemd i Hardanger med på laget vårt. Bergen Næringsråd kjempar for næringslivet sine interesser i heile regionen vår, sa Atle Kvamme, næringspolitisk sjef, då han denne veka ønskte Erlend Haugarvoll, dagleg leiar i Lingalaks, velkomen.

Det er slett ikkje noko lite føretak vi snakkar om. Lingalaks er ei stolt familieverksemd som representerer 90 årsverk og ein omsetnad på 700 millionar kroner om ein reknar med HAFI, slakteriet i Strandebarm. Hovudgeskjeften er matfiskproduksjon innan havbruk, med produksjon i Kvinnherad, Radøy og ikkje minst heimkommunen Kvam. Lingalaks har sju konsesjonar, to visningskonsesjonar, og ein total produksjon på kring 11000 tonn sløyd laks som kvart år blir eksportert til ei rekkje land.

Erlend Haugarvoll er fødd inn i oppdrettsfamilien, men han har òg ein doktorgrad i fiskehelse frå Norges veterinærhøgskule.
– Våre verdiar er å vere ærleg, kvalitetsbevisst og framtidsretta. Då må vi ha den aller beste fagkompetansen i alle ledd i verksemda.

Det er avgjerande for Lingalaks at alt dei gjer skal vere berekraftig. Difor investerer selskapet no 11 millionar kroner i landstraum og framstår som nær fullelektrifisert.  – Vi brukar ikkje kopar til vasking av nøter, vi brukar ikkje antibiotika eller hydrogenperoksyd men vi brukar olje frå alger til fiskefór. Til saman gjer dette klima-avtrykket endå mindre enn det var, seier Ole Johan Sagen, samfunnskontakt i Lingalaks.

Erlend Haugarvoll er også stolt over at verksemda kan dokumentere svært låge lusetal i sine anlegg.
– Vi skal gjere vårt for at det igjen skal lyse grønt over havbruksnæringa i vest, slik at det vert rom for ny vekst.

Lingalaks har oppdrettskonsesjonar i heimkommunen Kvam, Kvinnherad og Radøy. Erlend Haugarvoll er dagleg leiar i verkesemda.

Lingalaks har oppdrettskonsesjonar i heimkommunen Kvam, Kvinnherad og Radøy. Erlend Haugarvoll er dagleg leiar i verkesemda.