Anita og Hanne i Øygarden næringsutvikling KF
Anita og Hanne i Øygarden næringsutvikling KF

Nytt medlem: Øygarden næringsutvikling KF

31.05.2021

Øygarden er ein av dei mest spennande regionane for grøn vekst, med Northern Lights (CO2-lagring) og den første heilelektriske hamna i Europa. Øygarden næringsutvikling KF fungerer som Øygarden kommune si næringseining.

Øygarden er i tillegg kommunen i Vestland fylke med lengst kystlinje for grøn marin utvikling.


Formålet vårt er å

  • stimulere og leggje til rette for utvikling i både privat og offentleg næring i Øygarden kommune.

  • bidra til etablering av nye arbeidsplassar i regionen, samt vidareutvikle dei eksisterande.

  • Leggje til rette for nytt næringsliv og gjere regionen attraktiv med innovative arbeidsplassar og dyktige innbyggjarar.


Som nest største kommune i Vestland fylke og nabo til Bergen, har Øygarden god tilgang på kompetanse. Straume sentrum ligg kun 20 minuttar frå Bergen Lufthavn.

Har du, eller ønskjer du å starte bedrift i Øygarden? Då vil vi leggje forhold til rette for at du og di bedrift skal få dei beste vilkåra for utvikling.

Planlegg du å ekspandere til Øygarden og treng rettleiing eller næringsareal? Vi kan hjelpe deg på veg.


Kontakt:
dagleg leiar Anita Mannes på +47 917 22 005