Vi i Næringshagen i Hardanger får næringslivet i Hardanger til å bløma.
Vi i Næringshagen i Hardanger får næringslivet i Hardanger til å bløma.

Nytt medlem: Næringshagen i Hardanger

26.11.2021

Næringshagen i Hardanger AS (NIH) er ein bedriftsrådgjevar med hovudkontor i Øystese, samt med eigne lokalkontor rundt i regionen. Me er ein naturleg partnar i lokal og regional næringsutvikling.

Den regionale Næringshagen i Hardanger bind saman Hardanger til eitt nærings- og vekstområde. Vil du starta noko nytt, eller utvikla eksisterande verksemd, kan du få hjelp frå Næringshagen i Hardanger!

Næringshagen dekker eit breitt spekter av næringar i regionen gjennom sine målbedrifter og medlemsbedrifter. Ut frå naturgjevne føresetnader og næringsstruktur har NIH eit spesielt fokus på frukt- og bærsektoren, kortreist mat, service og reiseliv, men me jobbar like gjerne med industri, butikkverksemder, entreprenørar og alle andre aktuelle næringar. Av fellesaktivitetar arrangerer vi en rekke kurs, kompetansetiltak og medlemsmøter.

Gode møteplassar og nettverk er viktig for å dyrke samarbeidet som er heilt grunnleggande for å utvikle næringslivet på tvers av kommunegrenser og regionar. Næringshagen i Hardanger samarbeider tett med både næringshagane på Voss og i Ullensvang. 

Les mer om oss og alt det spennende som skjer i Næringshagen på vår nettside