Ungdom i Hordaland meiner den marine næringa har eit bra omdømme. Likevel er kva dei kan om marin sektor begrensa
Ungdom i Hordaland meiner den marine næringa har eit bra omdømme. Likevel er kva dei kan om marin sektor begrensa

Bra omdømme - lite kunnskap

27.04.2018

 

Omdømmet til marin sektor er svært positivt mellom ungdommar i Hordaland. Negativ omtale av havbruksnæringa ser ikkje ut til å ha hatt innverknad.

Ein spørjeundesøking utført av Respons Analyse viser at 66% ungdom i Hordaland mellom 15 og 20 år har eit svært eller ganske godt inntrykk av fiskeri- og havbruksnæringa. Det er kun forbigått av helsesektoren, der 70% har eit godt inntrykk.

Av dei 500 respondentane som vart spurde, meinte nesten to tredelar at utsiktene for å få jobb i havbruksnæringa var gode. Berre 8% meinte at jobbutsiktene var dårlege. Til tross for at eit så stort fleirtal tykkjer moglegheitene er gode, er det berre 25% som syns det er aktuelt å velja eit yrke i nemnd næring. 
Når det kjem til kva inntrykk respondentane har meiner over 80% at både "lønnsam" og "framtidsretta" er gode skildringar av næringa. Like mange syns også at "mykje fysisk arbeid" også stemmer like bra. Det kan tyde på at dei ikkje har eit klart nok bilete over kva arbeidsoppgåver næringa inneber. Dette kan ha samanheng med at havbruksnæringa hamnar langt nede på lista over kor mykje informasjon elevane har fått om dei ulike næringane på skulen. Godt under halvparten av respondentane har fått nokon eller stor grad av informasjon om havbruksnæringa. Som illustrert i diagrammet nedanfor ser ein at det er olje og gass respondentane har fått mest informasjon om på skulen, med 70%.

Kjelde: Respons Analyse