Adm. direktør i Bergen Næringsråd Marit Warncke på kulturseminar på BI i forbindelse med Hulefesten 11. september.
Adm. direktør i Bergen Næringsråd Marit Warncke på kulturseminar på BI i forbindelse med Hulefesten 11. september.

Etablering av kreativ utdanning i Bergen

30.09.2019

I ei undersøkelse gjort av ressursgruppe for kultur og kreativ næring i fjor kom det fram at det finst eit behov for utdanningstilbod innan kreativ næring i Bergen. Ressursgruppa har derfor tatt initiativ til dialog med Handelshøgskulen BI om opprettinga av eit bachelorprogram innan  kreativ næring i Bergen.

Bakgrunnen for dette initiativet er ønsket om å styrke Bergen som kreativ by, samt bransjens ønskje om vekst og større grad av profesjonalisering. Bergen er kjent for sitt rike og mangfaldige kulturliv, og med eit slikt utdanningstilbod vil ein på sikt kunne tilføre meir kompetanse til byens kulturbransje. Ei slik utdanning vil også kunne tiltrekke seg kulturinteresserte frå heile landet og såleis gjere Bergen meir attraktiv som studieby for dei kreative. 

Førebels kan BI tilby enkeltkurs innan studiet, men planen er å få på plass ein full bachelorgrad i løpet av dei komande åra. Allereie til hausten vil det til dømes vere mogleg å melde seg på kurs i eventledelse. Til neste år er det planlagt å opprette eit kurs innan scenekunst, som er retta mot arbeid innan livebransjen. Planen er at utdanninga også skal innehalde kurs innan juss og markedsledelse. Utdanninga kan også vere eit spennande tilbod for dei som ønskjer etterutdanning.

- Viss vi skal beholde status som Norges kulturhovedstad, så må vi sørge for at de som vil inn i bransjen opplever et positivt møte med den og satse på de unge, kloke hodene. Dette kan man gjøre ved å for eksempel ta inn traineer og praktikanter. I de fleste andre bransjer ser man stor verdi i av å gjøre dette. Dette er en gylden mulighet til å begynne å tenke i slike baner også når det gjelder musikk, film, spill og multimediabransjen, seier Ole Reinert Berg-Olsen. 

Marit Warncke, administrerande direktør i Bergen Næringsråd, er også positiv til utviklinga av eit slikt utdanningsprogram. Til BT seier ho:

 - Kultur kan vokse mer som næring. Mange har kommet inn i bransjen litt tilfeldig, og mangler gjerne utdanning på grunnivå. Men også etter- og videreutdanning er viktig.

 Ifølge Warncke er forretningsforståelse, ledelse, prosjektutvikling og økonomistyring ofte ei utfordring innan kreative bransjer.  - Vi har store ambisjoner. Dette er bare starten i Bergen, seier Warncke.

Fleire moduler er allereie på plass for utdanninga og Bergen Næringsråd håpar på eit godt samarbeid mellom BI og bransjen generelt. Vi ønskjer å kunne fungere som eit bindeledd mellom BI og kulturbransjen i Bergen, og dei komande åra vil vi også jobbe aktivt for å spreie kunnskap om dette utdanningstilbodet til potensielle studenter og bransjen.


Les kommentar om utdanningen på https://www.bt.no/kultur/i/dOPwBA/bergen-faar-ny-utdanning-for-de-kreative