Kulturminister Trine Skei Grande samlet med fleire bedrifter frå spelbransjen i Bergen, mellom anna Turbo Tape Games, Henchman and Goon, Rain Games, D-pad Studio, Dirtybit og Inkypen.
Kulturminister Trine Skei Grande samlet med fleire bedrifter frå spelbransjen i Bergen, mellom anna Turbo Tape Games, Henchman and Goon, Rain Games, D-pad Studio, Dirtybit og Inkypen.

- Nerdenes hevn, folkens!

05.09.2019

Kultur og likestillingsminister Trine Skei Grande lanserte regjeringas nye dataspelstrategi for perioden 2020-2022 i Bergen. Mykje tydar på at regjeringen satsar på spelbyen Bergen.

Grande trakk fram høg aktivitet i Bergens spelbransje og tanken om Spelhuset som nokon av hovudårsakane til at lanseringa blei halden i Bergen. Om strategien sa Grande:
- Vi er hvertfall klar til å ha en reell satsing, den her strategien viser først og fremst at nå er vi lei av at dataspill er noe som handler om å kaste bort tid på mørke rom. Så dette er nerdenes hevn, folkens!

Grande presenterte fire mål for regjeringas dataspillpolitikk i denne strategien.
1. Eit variert tilbod av norske dataspel med høg kvalitet
2. Ein profesjonell og mangfoldig dataspillbransje
3. Gjennomslagskraft for norske dataspel
4. Ein inkluderande og tilgjengeleg dataspelkultur

Under presentasjonen nevnte Grande at dei skal jobbe for å doble spillpotten på budsjettet i løpet av denne strategiperioden, til applaus frå publikum.

- Vi ble overrasket over at tilskuddene ble doblet. Vi hadde jo håpet at dette skulle skje, men det var ikke forventet. Det virker som at alle i bransjen er fornøyde. De gav signal på at de ville støtte alle områdene, både kultur og å bidra til næring. Den nye strategien har gitt en viktig «gnist» til alle som jobber i bransjen, seier Thomas Due Sivertsen i Turbo Tape Games.