NY PARTNAR: Kristine Røyrvik og Kvinnherad Næringsservice er ny partnar i Næringsalliansen i Hordaland. Foto: Kvinnheringen
NY PARTNAR: Kristine Røyrvik og Kvinnherad Næringsservice er ny partnar i Næringsalliansen i Hordaland. Foto: Kvinnheringen

Ny partner i Næringsalliansen

12.02.2020

- Vi treng å vere ein del av eit stort og kompetent nettverk, seier Kristine Røyrvik i Kvinnherad Næringsservice. Ho tar med seg 90 medlemsbedrifter inn i Næringsalliansen i Hordaland.

Næringsalliansen representerer no nærare 3000 medlemsbedrifter i det tidlegare Hordaland fylke. Kvinnherad Næringsservice blir den tolvte partnaren i Næringsalliansen, som frå før er samansett av Bergen Næringsråd, Austevoll Næringsråd, Bjørnafjorden Næringsråd, Fikse - Etne og Vindafjord Næringsutvikling, Hardanger Industri, Kvam Næringsråd, Nordhordland Næringslag, Osterøy Industrilag, Stord Næringsråd, Vaksdal Næringsselskap og Vest Næringsråd.

Alliansen representerer små og store verksemder i nær sagt alle bransjar.
- Næringslivet i Kvinnherad er kjenneteikna av industribedrifter som går fleire generasjonar tilbake i tid, forklarer prosjektleiar Kristine Røyrvik.

- Vi har Hydro som hjørnesteinsbedrift, men Kvinnherad er óg ein stor landbruks- og oppdrettskommune. Vi har gode føresetnader innan turisme og handel. Kvinnherad Næringsservice har som ei av sine viktigaste oppgåver å gjere det attraktivt å bu og arbeide i Kvinnherad. Då vil óg ungdommane våre komme heim etter sluttført utdanning.

Næringslivet i Kvinnherad er like utsett for konkurranse som i resten av Hordaland. Då trengs det rammevilkår som set verksemdene i stand til å konkurrere om den beste arbeidskrafta.
- I dette bildet er kommunikasjon og samferdsle ekstra viktig. I tillegg kjem gode tenestetilbod og attraktive tomtar til næringsliv og busetnad, og vidareutvikling av regionsenteret Husnes.

Eit partnarskap i Næringsalliansen vil medverke til at Kvinnherad Næringsservice kjem nærare desse måla.
- No blir vi del av eit nettverk og blir kjend med fleire aktørar som er like oss. Vi treng å læra av kvarandre og få gode innspel til korleis ein kan organisera seg. Det er óg positivt at vi kan vere fleire som frontar felles saker, både mot fylke og stat.

Heilt sikkert er det at Kvinnherad Næringsservice er hjarteleg velkomen som ny partnar i Næringsalliansen i Hordaland!

 

Espen  Børhaug
Espen Børhaug
Næringspolitisk rådgiver

chat_bubble_outline + 47 918 45 600