Reiselivsbygda Flåm er hardt råka av koronakrisa. Kvar tiande husstand i kommunen har sitt virke knytt til reiselivet i bygda.
Reiselivsbygda Flåm er hardt råka av koronakrisa. Kvar tiande husstand i kommunen har sitt virke knytt til reiselivet i bygda.

Framleis vanskeleg for næringslivet

10.11.2020

Spørjeundersøkingar frå hovudorganisasjonane og næringsråda viser at næringslivet framleis er hardt råka av koronapandemien og/eller oljeprisfallet.

Talet kommersielle overnattingar i Vestland er halvert i september 2020 samanlikna med fjoråret. Nedgangen i tal arbeidssøkjarar held fram, men det går treigare no enn tidlegare månader. Per 4. november er det framleis 39 permitterte lærlingar i Vestland. Dei fleste høyrer til Teknikk og industriell produksjon.
På initiativ frå Næringsforum Vestland er det oppretta ei ad hoc analysegruppe som har som formål å kartlegge og gjere tilgjengeleg statistikk og analysar knytt til den pågåande covid-19-epidemien og oljeprisfallet og kva påverknad dette har på næringslivet i Vestland.

Forbruket tilbake på 2019-nivå, men framleis mørkt for reiseliv, restaurantar og barar
Tal frå DNB syner at det samla forbruket til kundane deira er på om lag 2019-nivå.
Fallet har vore, og er framleis, klart størst for reiselivsbransjen, som per 25. oktober var 72 % lågare enn i 2019. Tala betra seg for reiselivsbransjen i løpet av sommarferien, men sjølv på sitt beste i slutten av juli var forbruket 36 % lågare enn på same tid i 2019.
Betringa i bar- og restaurantbransjane som starta etter påske heldt også fram gjennom sommaren, og gjekk frå høvesvis -95 % og -82 % i byrjinga av april til -22 og -5 % per 1. august. Sidan fell forbruket igjen i begge bransjane og ligg per 25. oktober på -44 % og -27 %.

Desse tala samsvarar stort sett med tal for handelen i Bergensregionen frå Sparebank 1 SR-Bank: fornøyelsesparkar, hotell, barar og nattklubbar, og reise har hatt til dels kraftig nedgang så langt i år, medan ein del spesialistar som interiør, bygg og hage, elektrobutikkar og dataspel har auka.

Tal kommersielle overnattingar i Vestland i september halvert samanlikna med fjoråret

September har vore nok ein tøff månad for reiselivsnæringa i heile landet, og i Vestland er 220 000 kommersielle overnattingar borte samanlikna med same månad i fjor. Det er nesten ei halvering.
Tal frå SSB viser at det var om lag 30 % færre kommersielle overnattingar i Noreg så langt i 2020 samanlikna med på same tid i 2019. Verst går det for hotell, som har hatt 39 % færre overnattingar.

Oktober tredje beste månad for sjømateksport nokon sinne
Tal frå Norges Sjømatråd viser at i både april og mai 2020 gjekk verdien av norsk sjømateksport ned samanlikna med same månader i 2019. I følgje Sjømatrådet er sjømateksporten framleis prega av koronakrisa, men dei peiker samstundes på at eksportverdien i oktober 2020 nesten tangerer oktober 2019. Også i oktober er eksporten lågare enn i 2019, men samstundes er oktober 2020 den tredje beste månaden for norsk sjømateksport nokon sinne.

Over halvparten av verksemdene har lågare etterspurnad som følgje av koronaviruset
Tal frå medlemsundersøkinga til NHO viser at situasjonen for mange verksemder i Vestland blei markant betre i løpet av mai og juni. I mars og april låg delen som hadde merka lågare etterspurnad eller kanselleringar stabilt over 80 %, medan talet i undersøkinga som blei gjennomført dei første dagane i juni falt til 65 %. I midten av august var talet for første gang sidan byrjinga av mars lågare enn 50 %. I september var det igjen eit fleirtal som rapporterer om lågare etterspurnad.
I oktober er biletet om lag det same som i september: litt over halvparten av verksemdene rapporterer om lågare etterspurnad eller kanselleringar.

Nedgangen i arbeidsledige held fram, men det går treigare.
5. mai var 13,9 prosent av arbeidsstyrken i Vestland heilt eller delvis arbeidsledige, eller på tiltak. Ved utgangen av oktober var dette talet gått ned til 6,3 prosent.
30. oktober var det 21 470 arbeidssøkjararar i Vestland. Ved utgangen av september var det flest arbeidssøkjarar innan yrke knytt til reiseliv og transport, serviceyrke, butikk- og salsarbeid, og industriarbeid.  Sidan utgangen av april er det blitt nesten 20 000 færre heilt ledige. Nedgangen i tal arbeidssøkjarar held fram, men nedgangen i tal arbeidssøkjarar frå september til oktober er den lågaste sidan månadsskiftet april-mai.

Sosial ulikskap mellom dei som blir råka
Nasjonale tal basert på dagpengesøknadar frå 1. mars til 31. august viser at delen ledige blant dei med grunnskule som høgaste utdanningsnivå er om lag dobbelt så høg som blant dei med mastergrad. Delen ledige, og spesielt heilt ledige, er også klart høgast blant dei med lågast inntekt.
Tal frå NAV Vestland viser at ved utgangen av september var det flest arbeidssøkjarar innan reiseliv og transport (3 585), serviceyrke (2 599), og butikk- og salsarbeid (2 336). Dette er næringar som tradisjonelt har hatt låg snittinntekt.

Framleis 39 permitterte lærlingar i Vestland
Per 4. november var framleis 39 lærlingar og lærekandidatar permitterte grunna koronasituasjonen i fylket. Det er 10 færre enn det var 13. oktober.
Per veke 45 var det klart flest permitterte lærlingar og lærekandidatar i Vestland innan Teknikk og industriell produksjon.
Tal frå Vestland fylkeskommune viser at det per oktober 2020 er inngått rett over 2 800 godkjente lærekontraktar, mot 3 100 på same tid i fjor.

Last ned og les meir om dette i arbeidsgruppa sitt felles kunnskapsgrunnlag!

Følgjande organisasjonar deltek i analysegruppa: Vestland fylkeskommune (prosjektleiing), Bergen kommune, NAV Vestland, Innovasjon Norge Vestland, NHO Vestlandet, LO Vestland, KS Vest-Norge, Sogn og Fjordane næringsråd og Bergen Næringsråd.