Vestland lokkar med plass, kraft og høgkompetente folk for å få batterifabrikken med 2000 tilsette til fylket.
Vestland lokkar med plass, kraft og høgkompetente folk for å få batterifabrikken med 2000 tilsette til fylket.

Vestland kjempar om batterifabrikk

01.02.2021

– Vi har areal, vatn og vasskraft, og menneske med kunnskap og evne til å løfte i lag. Denne fabrikken skal vil ha hos oss, seier fylkesordførar i Vestland Jon Askeland i ei pressemelding.

Dei tre industrigigantane Hydro, Equinor og Panasonic skal bygge ein batterifabrikk i Noreg med 2000 arbeidsplassar. Fabrikken var tema under Bergen Næringsråds livesending 22. januar. Trykk her for å se sendingen

Prospektet til Vestland fylkeskommune for å få batterifabrikken hit kan du lese her.  (på engelsk her)

Frå Vestland har 12 kommunar levert tilbod. Mange gode krefter, blant de Bergen Næringsråd, har bistått fylkeskommunen med å utarbeide et prospekt for nettopp å vise kor godt Vestland fylke egnar seg for fabrikken. Dei 12 kommunane som har meldt si interesse er: Alver/Austrheim, Askøy, Bjørnafjorden, Bremanger, Gulen/Masfjorden, Kinn, Kvinnherad, Sunnfjord, Voss og Øygarden.

Hydro, Equinor og Panasonic har danna eit konsortium som skal bygge og drifte den enorme batterifabrikken som i startfasen har behov for eit areal på heile 400 mål, med høve for utviding til 1000 mål. 

Selskapa skal no utføre eit forstudium som skal munne ut i tre aktuelle kandidatar som går til finale. Planen er at tomta skal vere byggeklar i 2023, med produksjonsstart i 2025.

Ordfører i Austrheim Per Lerøy, og ordfører i Alver, Sara Hamre Sekkingstad under Bergen Næringsråds livesending om batterifabrikken.