Fjordtinget tar grep!

08.06.2022

Det andre Fjordtinget i historia vart ein strålande suksess, der konkrete tiltak vart handsama. Set gjerne av 1.juni 2023 til neste tingsamling i Hardanger!

Vikingskalden Ragnvald – gestalta av skodespelaren Claus Sellevoll – opna tinget for nær 100 utsendingar frå heile Vestland under tingsamling i Øystese den 2. juni. Fjordtinget let seg inspirere av vikingtida, den gong utsendingar for meir enn 1000 år sidan møttest for å semjast. Då høvde det også bra å avslutte samlinga med øksekast og eit festleg fjordtingsgilde.

Fjordtinget, arrangert av Bergen Næringsråd og Lingalaks, samlar næringslivsfolk, forskarar, politikarar og innovatørar til drøftingar om viktige tema. Og sakene som vart drøfta var av langt nyare dato. Overordna er ønskjet om verdiskaping i og kring fjordane, med vekt på eit best mogleg samarbeid mellom aktørar og kompetansemiljø i heile fylket.

Dei viktigaste sakene:
• Det vart inngåande gjort greie for den omfangsrike havbyen Bergen.
• Det vart slått fast at hovudkontoret til Fiskeridirektoratet framleis skal vera i Bergen.
• Industristaden Odda skal omformast til eit grønt kraftsenter som heile Vestland kan vere stolt av, eit storslagent døme på nyskapinga «industriell symbiose».
• Hardangerfjorden skal reinsast for oljeproduktet plast, og til neste år vil ein også reinska vassdraga ned mot fjorden.
• Den neste internasjonale storfilmen frå Noreg må spelast inn i vakker hardangernatur.

- Bergen Næringsråd er svært glad for å vere med og samle folk frå heile Vestland på denne måten. Eit godt samarbeid mellom byen og regionen er ein føresetnad for å skape nye og berekraftige verdiar og arbeidsplassar, seier administrerande direktør Marit Warncke.

Utsendingane på Fjordtinget tok også del i viktige samtalar om konkrete prosjekt ein bør samlast om. Det første Fjordtinget var samla for eitt år sidan. Der føddest ideen om å rydde heile Hardangerfjorden for plast, og i september går startskotet for den største ryddeaksjonen av sitt slag i verda. I år peika Fjordtinget på dei utsette vassdraga i Hardanger. Lingalaks og gode partnarar lovar å gjere eit stykke arbeid for desse fram mot Fjordtinget i juni 2023.