22.01.2018
22.01.2018

Framtidsretta urbankonferanse

- Det gjer inga meining å halde ungane vekke frå teknologi!

Dette seier teknologigründer Ayesha Khanna, som har starta kodeskule for unge jenter. Ho leier selskapet "ADDO AI", som gjev råd til andre selskap om kunstig intelligens. Den pakistanske kvinna hadde nyleg eit foredrag på årskonferansen til NHO sin årskonferanse, og hausta mykje ros frå til dømes Erna Solberg og Torbjørn Røe Isaksen som talte på same konferanse. Denne veka kjem ho til Bergen for å halde foredrag på konferansen Nordic Urban Assembly i Grieghallen.

Relevant for alle
I eit lengre intervju med Dagens Næringsliv snakkar ho om viktigheita av teknologi i kvardagen, og om korleis me bør leggje til rette for koding i skulen. Dette er relevant for nesten alle fag i dagens samfunn, meiner ho. Khanna legg vekt på at ein ikkje skal ha koding berre fordi ein skal bli god på koding; det må ligge ein motivasjon bak.
- Det er viktig å ha eit formål med det ein lærer, seier Khanna til DN. 

Internasjonal konferanse
Universitetsaulaen, Grieghallen og Kunsthøgskulen i Bergen vert den 24. og 25. januar fylt opp av utviklingsglade menneske. Då er det duka for ein stor internasjonal konferanse. Temaet for denne konferansen er korleis ein kan skape glede og tryggleik i byar med ei ukjent framtid i møte, og korleis ein kan sikre seg god livskvalitet når framtida byr på store endringar. 

Foredragshaldarar i verdsklasse
Til Bergen kjem foredragshaldarar i verdsklasse som skal snakke om urban utvikling. Anna Rosling Rönnelund er ein av dei. Ho er dotter av den verdskjente professoren og forelesaren Hans Rosling, og er medgrunnleggar og styremedlem i organisasjonen Gapminder. I tillegg til det har ho designa brukargrensesnittet til det berømte animerte boblingsdiagrammet kalla "Trendalazer", brukt av millionar av studentar over heila verda for å forstå og illustrera fleirdimensjonale tidsseriar. Dette verktøyet vart seinare kjøpt opp av Google.

Heile lista over foredragshaldarar finn du her

For meir informasjon om arrangementet, besøk nettsidene til konferansen