15.01.2018
15.01.2018

Nye studentpraktikantar i Bergen Næringsråd

Bendik Basberg (23) og Lidvard Sandven (21) skal denne våren vera i praksis ved Bergen Næringsråd som ein del av studieløpet.

Som ein av 15 bedrifter har Bergen Næringsråd tatt inn studentpraktikantar ved vårsemesteret frå Samanliknande Politikk ved Universitetet i Bergen. Dette er ein ordning Næringsrådet har helde på med i over 10 år, og er på utkikk etter engasjerte og arbeidslystige studentar.

-Eg ser fram til å jobbe med nye og spennande prosjekt, og for å utforske mangfaldet til denne bedrifta. Det vert interessant å kombinere teori og praksis, og å bli utfordra på fleire felt. Dessutan blir det veldig greit å ikkje tilbringe fullt så mykje tid på lesesalen, då eg berre har eit fag på sida, seier Lidvard.

- For meg er dette ein fantastisk moglegheit til å byrje på overgangen frå studiar til arbeidsliv. Samtidig vil eg få oppleve korleis kunnskapen og eigenskapane eg har opparbeida meg har nytteverdi også utanfor akademia. Bergen Næringsråd er dermed den perfekte praksisplass for å erfare breidda i næringslivet her på Vestlandet. Eg gleder meg til å bli utfordra og å læra her i Næringsrådet, og ser frem til et spennande semester, legg Bendik til.

Dei to skal gjennom semesteret jobbe med eit større prosjekt i ein av ressursgruppene, samt ta på seg fleire mindre og varierte oppgåver.