Grøn Region Vestland og Vestland fylkeskommune vann Zero-prisen for årets lokale klimatiltak. Grøn Region Vestland skal hjelpe næringslivet til å nå viktige mål for den grøne omstillinga med lågare CO2-utslepp, auka eksport og nye grøne jobbar. Næringsalliansen Vestland var ein av fødselshjelparane då prosjektet vart etablert i 2021.
-Vi hadde aldri fått dette til utan støtte frå Næringsalliansen og NHO, sa prosjektleiar Heidi Synnøve Gaustad då tildelinga vart feira i Vestlandshuset.
Langskip – der Northern Lights i Øygarden er heilt sentral – fekk Næringslivets klimapris. Langskip er den første verdikjeda i Europa for fangst, transport og permanent lagring av CO2 fra industrien. Bak denne prisen står klimastiftinga Zero, NHO og NTNU.
– Vinnaren får prisen fordi dei har etablert ein heilt naudsynt infrastruktur for store utsleppskutt frå norsk og europeisk industri, med eit stort kommersielt potensial. Prosjektet vil realisere dei største einskilde utsleppskutta i Noreg, i tillegg til at det har vist internasjonal gjennomslagskraft, sa jurymedlem Vikas Thakur, dekan ved NTNU, under utdelinga.