Digitalisering er mer enn teknologi. Det handler også om mennesker, kompetanse og endringsvilje. Hvordan leder du de ansatte gjennom det digitale skiftet? Hvordan skaper du et digitalt mindset i bedriften?
Konferansen Manifestasjon fortsetter der vi slapp i fjor. I år ser vi nærmere på de menneskelige sidene og lederes rolle ved den digitale revolusjonen.
Torsdag 3. mai kl 11:30-16:00
Radisson Blu Bryggen
I motsetning til det som først var antatt, er omdømme til marin sektor svært positivt.
Ein spørjeundesøking utført av Respons Analyse viser at 66% ungdom i Hordaland mellom 15 og 20 år har eit svært eller ganske godt inntrykk av fiskeri- og havbruksnæringa. Det er kun forbigått av helsesektoren, der 70% har eit godt inntrykk.
Av dei 500 respondentane som vart spurde, meinte nesten to tredelar at dei moglegheitene for å få jobb i havbruksnæringa var gode. Berre 8% meinte at jobbutsiktene var dårlege. Til tross for at eit så stort fleirtal tykkjer moglegheitene er gode, er det berre 25% som syns det er aktuelt å velja eit yrke i nemnd næring.
Når det kjem til kva inntrykk respondentane har meiner over 80% at både "lønnsam" og "framtidsretta" er gode beskrivingar på næringa. Like mange syns også at "mykje fysisk arbeid" også stemmer like bra. Det kan tyde på at dei ikkje har eit klart nok bilete over kva arbeidsoppgåver næringa inneber. Dette kan ha samanheng med at havbruksnæringa hamnar langt nede på lista over kor mykje informasjon elevane har fått om dei ulike næringane på skulen. Godt under halvparten av respondentane har fått nokon eller stor grad av informasjon om havbruksnæringa. Som illustrert i diagrammet nedanfor ser ein at det er olje og gass respondentane har fått mest informasjon om på skulen, med 70%.
Kjelde: Respons Analyse