Fjordtinget 2025

For femte året på rad skal leiarar frå næringslivet, politikarar, forskarar og interesseorganisasjonar samlast på Fjordtinget i Hardanger den 3. juni. Korleis kan vi legge til rette for berekraftig, ny verdiskaping kring fjordane og i heile Vestland?

Arrangementsinfo

  • Tirsdag 3. juni 2025 kl. 10:00 - 16:30
  • Kunsthuset Kabuso i Øystese, Hardanger
  • Påmeldingsfrist: torsdag 29. mai kl. 12:00
Priser
Billett inkludert lunsj
Kr. 1 950,-
Billett inkludert lunsj og middag
Kr. 3 450,-

* Alle priser er eks. 25% mva.

Fjordtinget er sterkt inspirert av tingsamlingane i vikingtida. Då vart konfliktar lufta, stundom løyste, og folk møttest til sosialt samver. På Fjordtinget i Hardanger kring tusen år seinare ønskjer vi å få til mykje av det samme. Og sjølvsagt vert tingsamlinga trygt leia og losa i hamn av vikingskalden sjølv – Claus Sellevoll!

Dette er noko av det utsendingane til Fjordtinget skal drøfte:

  • Som vikingane visste, er havet ikkje berre eit hinder, men framfor noko ei ferdselsåre. Men medan Leiv Eiriksson og hans mannskap sigla vestover, heilt til Vinland, er det i dag politiske straumdrag frå Amerika som går motsett veg. Kva verknader kan dette få for norsk verdiskaping?
  • Er det råd å finne den rette balansen mellom vern av natur og kraftbehov?
  • Kan flinke folk i 2025 ha arbeidsplassen sin nett kvar dei vil – uavhengig av adressa til hovudkontoret?
  • Det er stortingsval til hausten. Kva vil partia gjere for å sikre auka vestlandsk verdiskaping medan fossilindustrien går inn i solnedgangen?

Lingalaks og Bergen Næringsråd er stolte tilskiparar av Fjordtinget. Tinget vert halde på Kunsthuset Kabuso i Øystese, med lunsj servert på Hardangerfjord Hotel.

Det vert også i år skipa til eit fjordtingsgilde på kvelden. Vi inviterer på båttur til Rossholmen ytst i Fyksesund, der Lingalaks byr på god sjømat og strålande utsikt mot Hardangerfjorden og Folgefonna.

Ver velkomne, frendar!


Betre børi du ber’kje i bakken
enn mannevit mykje
D’er betre enn gull
i framand gard;
vet er vesalmanns trøyst.

  • Frå Håvamål
Fjordtingsgildet er i år lag til Rossholmen ytst i Fykesund, med praktfull utsikt mot Hardangerfjorden og Folgefonna. Gjer deg klar for ein fartsfylt tur i rib-båt på veg til festbordet! 

I samarbeid med

Våre hovedsamarbeidspartnere