Næringsalliansen

22.02.2021

Næringsalliansen

Næringsalliansen Vestland blei stifta i 2008. Alliansen er eit nettverk samansett av 16 næringsforeiningar i Vestland. Saman representerer dei meir enn 3000 bedrifter og 150.000 arbeidsplassar og er ein viktig aktør når det gjeld næringsutvikling i heile fylket.


Formål og strategi

Ved inngangen til 2021 endra Næringsalliansen namn frå Næringsalliansen i Hordaland til Næringsalliansen Vestland. Årsaka er at alliansen no femner om heile Vestland fylke. Sogn og Fjordane Næringsråd er frå 1.januar 2021 fullverdig medlem. Med dette blei eit samarbeid som i praksis har fungert svært godt sidan 2019 formalisert.

Næringsalliansen Vestland skal framleis vere grunnlaget for eit forsterka og inkluderande samarbeid mellom dei private næringsforeiningane i regionen. Samarbeidsavtalen mellom partane peikar på fire hovudmål:

  • Meir kraft i påverknads- og lobbyarbeidet, særleg regionalt og nasjonalt.

  • Fellesorganisert talerøyr ovanfor Vestland fylkeskommune.

  • Framstå samla i utvalde saker, også som høyringsinstans regionalt og sentralt.

  • Utveksling av kunnskap og erfaringar, nettverksdeling.

Følgjande utvalde regionale næringspolitiske tema og arbeidsmetodar er særleg viktige:

  • Tilrettelegging for vekst og verdiskaping i næringslivet i Vestland.

  • Ei grøn og berekraftig omstilling på vegen mot eit klimanøytralt Vestland i 2030.

  • Kompetanse, rekruttering, utdanning og forsking.

  • Relasjonar til lokale, regionale og sentrale styresmakter.

  • Infrastruktur på Vestlandet.

 

Desse 16 næringsforeiningane deltar i samarbeidet:

Askøy Næringsråd
Austevoll Næringsråd

Bergen Næringsråd
Bjørnafjorden Næringsråd
Bømlo Næringsråd
Fikse Næringsforening -Etne og Vindafjord
Kvam Næringsråd
Kvinnherad Næringsservice
Nordhordland Næringslag
Osterøy Industrilag
Hardanger Industri
Sogn og Fjordane Næringsråd
Stord Næringsråd
Tysnes Næringsråd
Vaksdal Næringsselskap
Vest Næringsråd

Næringsalliansen er open for fleire medlemmar!

Kontaktperson for Næringsalliansen:

Espen  Børhaug
Espen Børhaug
Næringspolitisk rådgiver

chat_bubble_outline + 47 918 45 600