Brage Haugli ser fram til å jobbe med innovasjon og berekraftig byutvikling. Foto: Eivind Senneset.

Brage er ny trainee i Bergen Næringsråd

Bergen Næringsråds nye trainee, Brage Haugli, skal jobbe med byutvikling og vere bindeleddet til Futurebuilt.
  • Publisert onsdag 24. juni 2026

– Eg er spesielt interessert i innovasjon og smarte løysingar som fremjer grøne resultat i praksis. Å få vere bindeledd mellom Bergen Næringsråd og Futurebuilt treff derfor midt i blinken, seier Brage Haugli.

Brage har både mastergrad i arkitektur og entreprenørskap.

– Eg har blant anna studert korleis teknologi, bygg- og byutviklingsprosjekt kan bidra til meir berekraftige og velfungerande bymiljø, og ser fram til å ta kunnskapen i bruk i den nye rolla i Bergen Næringsråd.

Brage har arbeidserfaring frå mellom anna Norges ambassade i Beijing og Innovasjon Norge i New York. I tillegg har han vore med på startupen Turnip, som utvikla programvare for betre risikostyring og kvalitetsarbeid i bygg- og anleggsbransjen.

Traineestillinga er eit viktig steg i samarbeidet mellom Bergen Næringsråd og Bergen kommune. Målet er å styrke arbeidet med Futurebuilt, førebileteprogrammet for berekraftig byutvikling. 

Eit av måla våre er at beste praksis frå Futurebuilt skal bli vanleg praksis i alle byggesaker.

– Bergen Næringsråd var ein sterk pådrivar for at Futurebuilt blei etablert i Bergen. Med den nye traineestillinga styrkar vi bidraget vårt til Futurebuilt og samarbeidet med kommunen og Plan- og bygningsetaten. Eit av måla våre er at beste praksis frå Futurebuilt skal bli vanleg praksis i alle byggesaker, seier Monica Mæland, administrerande direktør i Bergen Næringsråd.

Monica Mæland understrekar også verdien av traineeprogrammet til Bergen Næringsråd:

– Vi treng at Bergen tiltrekk seg og held på dei beste talenta. Trainee Vest medverkar til at nyutdanna får seg spennande arbeid i Bergen. 

– Derfor er det viktig å seie at vi treng at endå fleire bedrifter opnar dørene for trainee-kandidatar. Eg vil oppmode bedrifter som har behov for ny kompetanse, og som ønskjer å bidra til å halde unge talent i regionen, om å melde seg som traineebedrift, seier Monica.

Våre hovedsamarbeidspartnere