Bergen Næringsråd tek fleirtalet si avgjerd til etterretning.
Samtidig står vi fast ved hovudbodskapen vår: Næringslivet treng føreseieleg næringspolitikk. Når rammevilkår blir endra seint i prosessen, skaper det usikkerheit for industriaktørar, leverandørar, investorar og arbeidstakarar som over tid har rigga seg for å bidra til ei storstilt havvindsatsing.
Flytande havvind er eit industriprosjekt, eit omstillingsprosjekt og eit kraftprosjekt. For Vestlandet handlar det om nye oppdrag til leverandørindustrien, vidareutvikling av kompetanse frå olje og gass, og framtidige arbeidsplassar i ein region som skal vere med å byggje nye verdikjeder.
No er det avgjerande at kvalitetssikringa blir gjennomført så raskt og effektivt som mogleg, utan unødvendige forseinkingar. Utsira Nord og den norske havvindsatsinga må ikkje setjast på vent lenger enn naudsynt.
Bergen Næringsråd vil halde fram arbeidet saman med næringsforeiningar, arbeidstakarorganisasjonar og industrien for å sikre tempo, føreseielege rammer og ei offensiv norsk satsing på flytande havvind.