– Bergen Matfestival er ei feiring av lokal mat og drikke. Her møter du mat- og drikkeprodusentar frå heile Vestlandet, og det blir talrike arrangement for store og små, seier festivalsjef Alexandra Krage Angell.
Bergen Matfestival og Norsk Siderfestival finn stad første helga i september. Det blir ein tjuvstart torsdag 3. september, og så startar heile festivalen fredag 4. september. Her samlast produsentar, kokkar, restaurantar og publikum til gastronomiske opplevingar midt i Bergen sentrum. Saman presenterer dei heile Vestlandet på eitt fat, frå både sjø og land.
Med både festivalstemning, lokale produsentar, matkurs og eksklusive møte med nokre av dei fremste aktørane innan mat og drikke, håpar Bergen Matfestival å få endå fleire frå næringslivet til å ta plass rundt bordet.
I år ønskjer festivalen å knyte endå tettare band til næringslivet.
– Ei av målsettingane våre er å vise at Bergen Matfestival også er ein arena for bedrifter. Her finst det moglegheiter for unike samlingar for tilsette, kundetreff, kurs og gastronomisk teambuilding, seier Krage Angell.
Det blir mellom anna arrangert masterclasses som er særleg godt eigna for bedrifter med nokre av Vestlandets fremste mat- og drikkeaktørar. Her får deltakarane kome bak kulissane og lære meir om råvarer, handverk og matkunst.
Ein av masterclassane er «Vegen til Michelin-bordet». Her møter du Chef of the Year Norway, Kristian Bretten Vangen, kjøkkensjefen på Gaptrast, som nyleg fekk si andre Michelin-stjerne. Han får selskap av Maya Riise frå Nordre Solend Gård, som leverer ville vekstar og lam av ypperste kvalitet. Johan Sigmundstad frå Dundrun, haustar nokre av Noregs finaste kamskjel, og Håkon Kvestad frå Kvestad Sideri, står bak sider i verdsklasse.
Det blir også «Skalldyrbonanza med Lysverket». I denne masterclassen møter du Christopher Haatuft frå Michelin-restauranten Lysverket, Scalmarin, ein av Vestlandets leiande leverandørar av sjømat til topprestaurantar, og Stig Bareksten, med den internasjonalt anerkjende Bareksten-ginen. I tillegg blir det ein mengde andre kurs, masterclassar, og sidersmakingar gjennom heile helga.
– Dette er opplevingar som passar perfekt for bedrifter som ønskjer noko meir enn eit tradisjonelt kundearrangement eller intern samling. Her får ein både fagleg påfyll, sosialt fellesskap og sterke smaksopplevingar, seier Alexandra Krage Angell.
Med både festivalstemning, lokale produsentar, matkurs og eksklusive møte med nokre av dei fremste aktørane innan mat og drikke, håpar Bergen Matfestival å få endå fleire frå næringslivet til å ta plass rundt bordet.
– Vi ønskjer å vise fram alt det fantastiske Vestlandet har å by på, og samstundes skape ein arena der mat, drikke, folk og næringsliv møtast, seier Krage Angell.