Det må også bety at Vestlandet ikkje skal vente ti år på tredje forbindelse til Kollsnes.
Eit breitt fleirtal på Stortinget har no vedteke ei rekkje konkrete tiltak for å få meir kraft raskare ut til folk, industri og næringsliv.
Nokre av høgdepunkta er:
1. Nett skal byggjast raskare
Stortinget ber regjeringa om tiltak som kan halvere tida fram til byggestart for nye nettprosjekt.
2. NVE skal få fristar
Stortinget ber om fristar for kor lang tid NVE kan bruke på saksbehandling.
3. Næringslivet sitt framtidige kraftbehov skal telje meir
Statnett skal leggje til grunn meir realistiske og framtidsretta prognosar for kraftforbruk, basert på vurderingar frå lokale og regionale nettselskap. Stortinget seier særleg at beredskap og næringsutvikling skal vektleggjast. Dette er eit av dei viktigaste punkta for Bergen og Vestlandet.
4. Statnett skal få fart på eigne prosjekt
Stortinget ber regjeringa sørgje for at Statnett arbeider aktivt for kortare gjennomføringstid for nettprosjekt. Det er viktig for store prosjekt som må planleggjast, avklarast og byggjast raskare.
5. Konsesjonsbehandlinga skal bli enklare og meir føreseieleg
Regjeringa skal sjå på korleis behandlinga av nett- og kraftprosjekt kan bli meir effektiv. Målet er at viktige prosjekt ikkje skal stoppe opp i lange og uoversiktlege prosessar.
Dette er konkrete tiltak, og godt politisk handverk.
Høgre og Framstegspartiet fortener ros for å ha fremja representantforslag som har sett tempo og effektivisering på dagsordenen. Arbeiderpartiet fortener ros for å ha samarbeidd og sikra breie fleirtal.
For Vestlandet er dette svært relevant.
Eitt av vedtaka seier at regjeringa skal sikre at Statnett i områdeplanar og konseptvalutgreiingar legg til grunn «reelle og framoverskuende forbruksprognoser», med utgangspunkt i prognosane frå lokale og regionale nettselskap — og med særleg vekt på beredskap og næringsutvikling.
Dette treff kjernen i debatten om tredje forbindelse frå Samnanger til Kollsnes.
Statnett har sjølv peikt på at dersom planlagt forbruksvekst blir realisert, treng Bergen og omland både oppgradering av eksisterande 300 kV-nett og ein tredje forbindelse til Kollsnes. Prosjektet skal styrkje straumforsyninga i regionen og inngår i eit samla konsept for ny og oppgradert nettkapasitet.
Det politiske signalet frå Stortinget bør difor vere klart:
Tredje forbindelse kan ikkje behandlast som eit ordinært nettprosjekt ein kan skyve ut i tid utan større konsekvensar. Dette er kritisk infrastruktur for næringsutvikling, industriell omstilling, elektrifisering og beredskap i ein av landets viktigaste eksportregionar.
Vedtaket om å halvere tida før byggestart og korte ned konsesjonsbehandlinga for nett er særleg viktig. Stortinget ber regjeringa ta i bruk tydelegare styringssignal, meir føreseielege og tidsstyrte prosessar, fristar, digitalisering, forenkling, hurtigspor og meir parallellbehandling.
I praksis bør dette bety at prosjekt som tredje forbindelse må få ei langt meir forpliktande framdrift enn i dag.
Stortinget har òg bede regjeringa sørgje for at Statnett arbeider aktivt for kortare gjennomføringstid i eigne prosjekt.
For Bergen og omland er det avgjerande at dette ikkje blir ståande som ei generell formulering, men blir omsett til konkret handling: raskare avklaringar, betre samordning mellom NVE, Energidepartementet, Statnett og regionale nettselskap, og ein framdriftsplan som speglar det faktiske kraftbehovet i regionen.
Stortinget sine vedtak styrkjer heilt openbert argumentasjonen for tredje forbindelse.
For Bergen Næringsråd er bodskapen enkel: Dersom Stortinget meiner alvor med raskare nettutbygging, må tredje forbindelse til Kollsnes bli eit konkret døme på nettopp det.
Vestlandet treng kraft til omstilling av eksisterande næringsliv, til nye grøne industrietableringar og til å sikre kritisk infrastruktur. Då må nasjonale vedtak følgjast opp med regional framdrift.