Kristin Aadland (BKK), Ragnhild Janbu Fresvik (Eviny), Elisabeth Vike Vardheim (Statnett) og Monica Mæland (Bergen Næringsråd). Foto: Silje Ulveseth

Statnett vil ha Vestlandet tettare på

– Vestlandet er høgt prioritert. Vi ønskjer regionen tettare på i arbeidet vidare, sa Elisabeth Vike Vardheim, konsernsjef i Statnett, då ho var med på eit kraftig frukostmøte i Bergen Næringsråd.
  • Publisert torsdag 17. september 2026

For Bergen Næringsråd og heile næringslivet på Vestlandet er bodskapen viktig.

– No vil me bruke handlingsrommet i regjeringa si nye kraftpakke til å presse på for raskare framdrift for tredje forbindelse. Og vi er veldig glade for at Statnett prioriterer Vestlandet, seier Monica Mæland, administrerande direktør i Bergen Næringsråd.

Bodskapen vart forsterka då Statnett sitt administrasjonskontor for Vestland denne veka vart nyopna i Bergen. Talet på tilsette skal doblast frå 50 til 100.

Elisabeth Vike Vardheim var hovudgjest då Bergen Næringsråd og Eviny denne veka samla næringsliv, nettselskap og politikarar til frukostmøte om kraftsituasjonen i bergensområdet.

Næringslivet har lenge åtvara om at manglande nettkapasitet bremsar investeringar og utvikling i regionen. På møtet vart det send eit tydeleg signal tilbake: Statnett prioriterer Vestlandet og ønskjer regionen tettare på i arbeidet framover.

Vardheim peikte særleg på behovet for tidlege innspel og sterke regionale alliansar.

– De er viktige strategiske alliansepartnarar for oss. Vi treng innspel i prosessen undervegs og ikkje etterpå. Jo tidlegare vi finn løysingar, jo betre, sa Vike Vardheim.

FRUKOSTMØTE: – Vi treng tredje forbindelse raskt, sa Kristin Aadland, administrerande direktør i BKK.

Stans for nye, større næringsprosjekt

Behovet er ikkje teoretisk.

– Me har ei krise. Det er ikkje noko me trur, det er noko me veit og kjenner på kroppen, sa Monica Mæland i møtet.

BKK har 45 modne kundar som ventar på nettkapasitet, med eit samla behov på kring 800 MW. I tillegg er 329 MW under vurdering. I BKK sitt område kan vanlege bustader og mindre næringsbygg framleis koplast til, medan større prosjekt må vente.

– Vestlandet treng ein tredje forbindelse, og vi treng den raskt. Nettet er allereie fullt, behovet er dokumentert, og forseinkingar vil få direkte konsekvensar for industri, arbeidsplassar, elektrifisering og forsyningstryggleik, poengterte Kristin Aadland, administrerande direktør i BKK.

Blant dei som treng kapasitet er Equinor, med prosjekt knytte til industriell utvikling og utsleppskutt.

BKK trekte også fram Framo. Selskapet har planar om vidare utbygging av produksjonen på Holsnøy, men treng meir nettkapasitet. Ifølgje BKK risikerer den nødvendige kapasiteten å ikkje vere tilgjengeleg før i 2035, seks år seinare enn Framo ønskjer.

– For Bergen Næringsråd er slike døme viktige. Dei viser kva diskusjonen om nett eigentleg handlar om: konkrete investeringar, arbeidsplassar og industriutvikling som er avhengige av at kapasiteten kjem tidsnok, understreka Monica Mæland.

Ser eit nytt handlingsrom

Samtidig har det skjedd noko politisk.

I august la regjeringa fram ei rekkje grep for å få ned tida det tek å byggje kraft og nett. Målet er å halvere den gjennomsnittlege tida for utbygging av regional- og transmisjonsnettet. Regjeringa vil mellom anna korte ned saksbehandlinga og redusere fleire utgreiingskrav.

Bergen Næringsråd meiner kraftpakka svarar på mykje av det næringslivet har etterlyst, og at ho opnar eit reelt handlingsrom. No skal fleire av grepa følgjast opp og konkretiserast.

Målet er å sørgje for at behova på Vestlandet er godt dokumenterte og tydelege når prioriteringane skal gjerast, og å arbeide for at dei nye grepa også gir raskare framdrift for nettet inn til bergensområdet.

BKK sitt bodskap på møtet var enkelt: Regionen må stå samla om behovet for tredje forbindelse.

Etter besøket frå Statnett er også invitasjonen tydeleg. Statnett vil ha regionen tettare på.

– Den invitasjonen skal Bergen Næringsråd bruke, forsikrer Monica Mæland

Våre hovedsamarbeidspartnere