Vestlandet står midt i eit vegskilje. Internasjonale drag tvingar fram nye tankar. Strukturendringar i næringslivet, svak demografisk utvikling og stor avstand mellom Vestlandet og Stortinget utfordrar verdiskaping langs fjordane. Samstundes finst løysingane alt no – i bedrifter som lukkast, i kunnskapsmiljø og i lokalsamfunn som tar ansvar.
For sjette året på rad skal leiarar frå næringslivet, politikarar, forskarar og interesseorganisasjonar samlast på Fjordtinget i Hardanger den 17. juni.
Dette er nokre av sakene vi skal drøfte og forstå betre etter Fjordtinget:
- Krigar og uro pregar Europa og verda elles. Korleis kan dette påverke vestlandsk verdiskaping?
- Kven vinn kampen om folk og arbeidsplassar? Kva kjenneteiknar kommunane som lukkast?
- Øystese kan verte den nye cruisehamna i Vestland. Korleis kan dette gjerast på ein berekraftig måte, og kva verdiar vert skapt som følgje av dette?
- Kven skal forsvare dei familieeigde bedriftene, sjølve ryggraden i det vestlandske næringslivet?
- Finst det ei framtid for havbruk i vestlandsfjordane?
- Og som om ikkje det var nok:
- Filmselskapet Aldeles viser Havfolket. Det er eit praktverk av ein film, som også fortel korleis vestlendingen har levd tett på kysten og havet.
Fjordtinget er sterkt inspirert av tingsamlingane i vikingtida. Då vart konfliktar lufta, stundom løyste, og folk møttest til sosialt samver. På Fjordtinget i Hardanger kring tusen år seinare ønskjer vi å få til mykje av det samme. Du er hjarteleg velkomen til tingsamlinga!
I samarbeid med