Fjordtinget 2026: Kva skal til, Vestland? - Program
09:30 Velkomen til Fjordtinget!
Del 1: Innleiing
Vestlandet i verda. Kva vert kravd av oss no?
Kva betyr geopolitikk, handel og globale skifte for vestlandsk næringsliv?
Cecilie Hellestveit er konflikt- og folkerettsforskar og har arbeidd med geopolitikk, krig og konflikt i fleire tiår. Hellestveit har lang fartstid frå Midtausten, Russland, Europa og USA og snakkar arabisk, russisk, fransk og spansk. Hellestveit er førsteamanuensis ved NTNU, og er tilknytt Norsk institusjon for menneskerettar og Folkerettsinstituttet. Ho er fast skribent i Morgenbladet og Dag & Tid.
Kva vil eigentleg sentrale styresmakter med Vestlandet?
Om rammevilkår, vilje og vestlandsbedriftene sin plass i norsk verdiskaping.
Monica Mæland er administrerande direktør i Bergen Næringsråd. Ho har tidlegare mellom anna vore statsråd (2013-2021) og byrådsleiar i Bergen (2003-2013).
Del 2: Kven vinn kampen om folk og arbeidsplassar?
Byregionane i Noreg veks, mange distriktskommunar slit. Men nokon lukkast med vekst i folketal og nye arbeidsplassar. Kva er det som pregar vinnarane, og kva kan vi lære av dei?
Knut Vareide er sosialøkonom og har vore forskar ved Telemarksforsking i 20 år. Spesialfeltet er regional utvikling. Modellane og analysane som Vareide har utvikla, vert i dag brukt av mange kommunar, regionar og fylke som grunnlag for strategiutvikling og samfunnsplanlegging.
European Cruise Service har konkrete planar om ei cruisehamn i Øystese. Kva kan dette innebere i form av auka verdiskaping og nye arbeidsplassar i regionen?
Arthur Kordt har vore administrerande direktør i Europeans Cruise Service sidan 1990. Konsernet er ein av verdas største leverandørar av landbaserte tenester til den internasjonale cruiseflåten, med aktivitet i meir enn 20 land i Europa, Afrika og Asia.
Panelsamtale:
Kathleen Mathisen, HR-direktør i Grieg Seafood og tidlegare vinnar av Sunnivaprisen
Tom Georg Indrevik, ordførar i Øygarden kommune
Roy-Eddy Lie, dagleg leiar, Liegruppen Eiendom AS
Pause
Del 3: Kven forsvarar dei familieeigde bedriftene?
Kyrre Knudsen, sjeføkonom i SpareBank1 Sør-Norge
Erlend Haugarvoll, hovudeigar og dagleg leiar i Lingalaks
Bjarte G. Fosse, dagleg leiar i Synfaring
Lunsj
Del 4: Teknologi vs regelverk: Kva er til hinder for det berekraftige havbruket?
Det er semje om at ny teknologi må til for betre dyrevelferd og lågare miljøpåverknad. Kvifor går det så seint? Alle som vil investere tungt i dette, møter eit komplekst og tidkrevjande regelverk. Korleis kan dette forenklast, slik at det ikkje bremsar det grøne skiftet i havbruket?
Britt Leikvoll, seksjonssjef strategisk akvakulturseksjon, Fiskeridirektoratet
Anne Osland, seksjonsleiar akvakulturtildeling, Fiskeridirektoratet
Panelsamtale:
Aslaug Aalen, miljødirektør hos Statsforvaltaren i Vestland
Tom-Christer Nilsen, næringspolitisk leiar i Bergen Næringsråd
Panelsamtale:
Frank Bakke-Jensen, direktør i Fiskeridirektoratet
Nils Gunnar Kvamstø, direktør ved Havforskingsinstituttet
Pause
Kven er vestlendingen?
Finst eigentleg «vestlendingen»? Kva utfordringar ventar i arbeidet med å skape eit politisk og identitetsmessig fellesskap på Vestlandet? Og kva i alle dagar skal vi gjere med «bergensaren»?
Morten Hammerborg er professor i historie ved Høgskulen på Vestlandet og er forfattar av «Bergenseren. En historisk analyse». Dei par siste åra har han leia samtaleserien «Jakta på vestlendingen» på Litteraturhuset i Bergen.
Kvar går vegen vidare?
Vi samlar vestlandstrådane frå Fjordtinget saman med Audun Lysbakken, direktør ved Vest-Norges Brüsselkontor.
Audun Lysbakken var leiar og parlamentarisk leiar i SV frå 2012 til 2023. Han har også fire års røynsle som statsråd.
Framsyning av filmen Havfolket
Havfolket er sett av langt meir enn 100.000. På Fjordtinget skal vi sjå filmen og høyre regissørane Elisabeth Kleppe, Elin Sander og Henrik Hylland Uhlving snakke om dette eventyret.
16:45 Konferansedelen vert avslutta
Etter Havfolket vert det servert sider og laks i hagen ved Hardangerfjord Hotel.