takk
og etter nyttårstalen kjem nasjonalsongen
med desse bilda av norge, tatt med dronekamera
kysten krølla saman, fjella og fjordane og fossane
og om vi zoomar inn på gardar og fotballbanar
bølger og fyrtårn, vegar som krympar i kulda
toglinjer som leitar seg fram, og desse tente lysa
som fortel at det er liv i desse husa som ventar
på folk som skal gå frå rom til rom
norske menn, og norske kvinner, i hus og hytte
og om vi går endå nærmare, endå lenger ned
til det eine huset, inn i det huset som er nr 83
vårt hus, dette huset som blir fylt med song,
dottera som syng what a wonderful world på mobilen
før jul øvde ho dagevis, nynna, song, memorerte
ho song om grøne tre, raude roser, ho skulle synge
solo på skulen, og røysta hennar blanda seg
med radiorøystene og tv-kommentatorane som
snakka om krig og fred og uro, røysta blanda seg med
bodskapa frå vareøkonomien, holiday's a coming
og eg tenker at vi må ikkje bli heilt naive heller og
tru at alt mulig er krig og angrep og risiko og ufred
kritiske samfunnsfunksjonar er også å falle ned på kne
og be nokon om å seie ja til å gifte seg, kritiske
samfunnsfunksjonar er å le høgt saman og peike på
alt ein elskar i livet, ta vare på sine sjuke og gamle
leike leve ligge saman, kysse kvarandre og sjå
på kvarandre med milde auge, ja, kritiske
samfunnsfunksjonar er å sjå felix horn myhre
brassesparke ballen i mål for sk brann
gå over vidden, gå på trynet, gå modig, gå på
bergenskonferansen i januar, rusle over
torgallmenningen i sommarlys, høre lars vaular rappe
høre dottera synge what a wonderful world på mobilen
og då dagen for skulekonserten endelig kjem, får vi
ikkje lov til å gå, det er for flaut, seier dottera,
det er for kleint, det er for cringe, så læraren må
sende oss ein film på mobilen, og då eg ser opptaket
skurrande og svakt, veit eg at eg har mislykkast med
så mykje, skrivinga og det meste eg har sagt og gjort
men ho der, ho har eg lykkast med, og eit kjøkken
ein stad i dette omtåka universet blir fylt med ordet takk
bare eit lite takk, det ordet som kan smelte snø og jern
dette vesle ordet som fell og fell over gata vår
siste dag i desember
Tekst av Frode Grytten
Se flere bilder fra Bergenskonferansen på Flickr
Alle foto: Eivind Senneset